onsdag 7. september 2011

Ny dag::))

Fekk plutselig for meg at eg skulle skriva nokre ord. Har ikkje så mykje å sei, men kven bryr seg ::)). Eit av dagens lyspunkt er at eg bruker kun ei krykje. Det andre er at sola har vist at ho eksisterer framleis. Godt, godt er det.
Har egentlig svært lyst til å klaga og klaga, men kvifor skal eg det? Det skal seiast at av og til hjelper det på humøret å lufta klagene, men eg gidd ikkje akkurat no.
Skal heller tenkja på, og eg tenkjer på med smil rundt munnen, at til helga så får eg besøk av mine to eldste barnebarn. Dei skal på marked på laurdag å selja leikar som dei har vokst i frå. Gleder meg. Håpar salget går like bra denne gongen som sist gong. Bestemor var kjempestolt av dei.

mandag 8. juni 2009

Lenge siden vi har vært på lufta



Posted by Picasa